Ziplineturar gjennom juv og tretoppar i spektakulær norsk natur. Basert i Jostedalen, Sognefjorden. Familievennlege guida turar

Ta svevet gjennom elvejuvet saman med Odins ravnar – Hugin & Munin!

tid

2 t

alder

8+

vekt

20-120kg

når

Jul – Oct

kr

900

!* ZIPLINE-bygging *!

SkyRavn-ziplinene (taubana) er under bygging, og estimert opningsdato er 12. juli – dette kan endrast. Dersom ein tur ikkje kan gjennomførast grunna forseinkingar i bygginga, kan du få full refusjon, eller vi kan bytte deg over til ein rafting- eller bretur, og refundere eventuelle prisdifferansar.

Tre zipliner, eit djupt elvejuv, og vårt spesialiserte zipline-trinsesystem som gjev deg det beste frå to verder – den adrenalinkicket i frit fall kommer OG så eit «avslappande» svev i tomrommet, der du kan ta inn det spektakulære landskapet medan den motoriserte trinsa dreg deg opp til ankomstplattformen.

La tungkraft ta over når du hoppar ut i tomrommet over juvet. Når du passerar det lågaste punktet, vil trinsa starte oppstigninga på den andre sida (motoren aktiverast når farten din er under 2 m/s).

MIDGARD-turen startar med ei 220 meter lang zipline langs juvet, oppstraums. Deretter koplar vi deg til den andre ziplinen – 80 meter rett over juvet, opp til det høgaste punktet, så er du klar for den tredje og siste ziplinen, 250 meter tilbake til start – nedstraums, nedoverbakke, der Odin tek i mot deg!

Det er eit minimum på fire deltakarar for denne turen. Er de færre enn fire, kan vi sjølvsagt setje dykk saman med andre.

viktig Info

  • Denne turen gjennomføres når minst 4 personer har bestilt.

    Hvis dere er færre enn 4, kan vi selvfølgelig inkludere dere på turer med andre.

  • Sko (ikkje sandalar/flip-flops), klede som passar vêret (regnklede om det regnar, varme klede om det er kaldt, osv.). Eit eventyrlystent sinn.

  • Vernebriller, hjelm, sele og eit luftig svev.

  • Breheimsenteret, Jostedalen, ved veg 604.

    Kl. 10:00, 12:00 & 16:00.

    Ver venleg å møte opp 15 minutt før starttid.

ekstra Info

  • Er du gravid, har rygg-, nakke-, hjarteproblem, epilepsi eller andre tilstandar som kan påverke deg under zipline-opplevinga, bør du nøye vurdere om du er skikka til å delta.

    Du kan ikkje vere påverka av alkohol eller rusmiddel på nokon måte.

  • Minimum 20kg
    Maksimum 120kg

  • • Frå Sogndal: Ta veg 55 til Gaupne (om lag 30 km). Ta til venstre inn på veg 604 mot Breheimsenteret og Jostedalen (om lag 32 km til Breheimsenteret – vår møtestad). Etter 32 km ser du eit skilt til ‘Breheimsenteret’, ta så til venstre rundt eit raudt hus og straks til venstre igjen.

    • Frå Lom: Ta veg 55 til Gaupne. Ta til høgre inn på veg 604 mot Breheimsenteret og Jostedalen, og følg deretter instruksjonane ovanfor.

    ● Breheimsenteret: Sjå kart

  • Jostedal Hotel:
    post@jostedalhotel.no eller ring +47 5678 3119

    Jostedal Camping:
    post@jostedalcamping.no eller ring +47 9775 6789

    ● Jostedal Hotel/Camping: Sjå kart

  • Vi tek bilete og video av turen, så du kan konsentrere deg om å halde deg fast!