Zipline 240 meter gjennom bre-juvet, deretter 100 meter mellom tretoppene i skogen, og avslutt med white-water rafting – alt i en og samme tur! Spenning, action og spektakulær natur komprimert i 4 timar! Turen over alle turar, ODIN, allsjåaren.

når
Jul – Sep
nivå
Klasse III
vekt
20-120kg
kr
1800
tid
4 t
alder
12+
!* ZIPLINE-bygging *!
SkyRavn-ziplinene er under bygging, og forventa opningsdato er 12. juli – dette kan endrast. Dersom ein tur ikkje kan gjennomførast på grunn av forseinkingar i bygginga, kan du anten få full refusjon eller, om du uansett vil rafte, få delvis refusjon (der du berre betaler den vanlege raftingsprisen).
Du er ein av "de" folka, ikkje sant? Du lyt berre gjere “alt”!
Start turen med ein 240m lang zipline ned i eit juv, over ei brusande breelv, kloss i fjellveggane. For å variere litt koplar vi oss no på den andre ziplinen og snusar 100m gjennom tretoppane i skogen!
Når zipline-utstyret er teke av, tek vi på redningsvest for å rafte! No er vi i eit utilgjengeleg og rolig område av dalen, ein stor kontrast til det brutale juvet over. Vi raftar nedover elva, leikar oss i bølgjer og let adrenalinet strøyme!
No opnar landskapet seg, i det fjerne ser vi den imponerande Bersetbreen som strekkjer seg ned frå Jostedalsbreen. Vi følgjer elva vidare inn i den heftige Elvepurka.
Det er eit minimumskrav på fire personar på denne turen. Om de er fjærre enn fire kan i sjølvsakt setje dykk inn på turar med andre grupper.
viktig Info
-
Denne turen gjennomføres når minst 4 personer har bestilt.
Hvis dere er færre enn 4, kan vi selvfølgelig inkludere dere på turer med andre.
-
Undertøy/badetøy og et håndkle.
-
Ta med om mogleg: Ull- eller superundertøy og/eller sokkar (berre ull!).
-
Alt raftingutstyr, våtdrakt, sko, transport, iskaldt vatn.
Alt rafting- og ziplineutstyr, våtdrakt, sele, hjelm, sko, transport, eit fritt fall under deg & iskaldt vatn. -
Jostedal Hotel, Jostedal, ved veg 604.
Kl. 14:00 kvar dag.
Ver vennleg å møte opp 10 minutt før starttid.
ekstra Info
-
Er du gravid, har rygg-, nakke-, hjarteproblem, epilepsi eller andre tilstandar som kan påverke deg under zipline-opplevinga, bør du nøye vurdere om du er skikka til å delta.
Du kan ikkje vere påverka av alkohol eller rusmiddel på nokon måte.
-
Minimum 20kg
Maksimum 120kg -
• Frå Sogndal: Ta veg 55 til Gaupne (om lag 30 km). Ta til venstre inn på veg 604 mot Breheimsenteret og Jostedalen (om lag 29 km til Jostedal Hotel – vår møtestad). Når du kjem til bygda Gjerde, finn du hotellet på høgre side, bak Joker-butikken. Sjå etter skiltet "Purkebingen", som er vårt kontor.
• Frå Lom: Ta veg 55 til Gaupne. Ta til høgre inn på veg 604 mot Breheimsenteret og Jostedalen, og følg deretter instruksjonane ovanfor.
● Jostedal Hotel:Sjå kart
-
Jostedal Hotel:
post@jostedalhotel.no eller ring +47 5678 3119Jostedal Camping:
post@jostedalcamping.no eller ring +47 9775 6789● Jostedal Hotel/Camping: Sjå kart
-
Vi tek bilete og video av turen, så du kan konsentrere deg om å halde deg fast!