Ein heil dag og natt – bretur du aldri vil gløyme!


tid
24 t
alder
18+
Under 18?
Ta kontakt!
når
Jun – Sep
kr
6500
GLACIER EXPLORING HEILE DØGNET!
I Tunsbergdalen og på Styggevatnet tilbyr vi ein tur på om lag 24 timar. Opplev ein heil dag med padling og brevandring i Jostedalen, før du overnattar i telt ved vatnet, like ved breen. Morgonen etter returnerer vi til sivilisasjonen i kajakkane.
Startar vi turen om morgonen, kan vi utforske breen langt utpå ettermiddagen, vel vitande om at vi berre har ein kort spasertur tilbake til leiren etterpå. Med ein kveld i denne avsidesliggjande og vakre dalen får vi ekstra tid til å utforske breen på ein uforgløymeleg bretur.
Det er og mogleg å starte turen på ettermiddagen, padle til leirstaden og bruke heile den andre dagen til å nyte Tunsbergdalsbreen til det fulle.
Vi i Icetroll ønskjer å lage turar som passar for folk med ulik erfaring. Desse turane er for deg! Om du ønskjer spektakulær brevandring og nokre av dei beste kajakkopplevingane i Noreg, bli med oss på eit overnattingseventyr du seint vil gløyme!
Turen krev minst fire deltakarar. Er de færre enn fire, kan vi sjølvsagt finne ei løysing og inkludere dykk i ei gruppe med andre deltakarar.
viktig Info
-
Denne turen går når minst 4 personar har booka.
Er de færre enn 4, kan vi sjølvsagt finne ei løysing og inkludere dykk i ei gruppe med andre deltakarar.
-
● Ryggsekk (minst 40 liter) & sovepose (du kan leige begge frå Icetroll – 200 kr kvar).
● Varm lue og hanskar, varme klede inkludert regnjakke, drikkeflaske, solbriller, lunsj & frukost.
● Gode fjellsko (joggesko er mogleg, men ikkje komfortable på breen og kan bli litt våte på veg til breen om bekkane er store). Du kan leige fjellsko frå Icetroll - 200 kr per par.
● Om du har ein favorittdrikk til kvelden, ta den med – det er ofte nydeleg vêr om natta, så er det er fint å slappe av med noko godt i glaset
● Også lette sko eller flip-flops til bruk rundt teltet om kvelden. Ta med rikeleg med snacks i tillegg til frukost og lunsj.
-
Ullundertøy, vassavstøytande bukser, solhatt, Thermarest-madrass, ein drikk til kveldssamtalen i solnedgangen.
-
Alt kajakk- og breturutstyr, telt, skummatter, kokeutstyr og middag.
Du kan leige sovepose og sekk hos oss, 200 kr per stk. -
Breheimsenteret, Jostedalen, på veg 604.
Anten kl. 09:00, 10:00 eller 17:00 (avhengig av kva vatn vi skal til).
Ver venleg og møt opp 15 minutt før starttid.
viktig Info
-
Avhengig av årstid og kva stad du skal til (Tunsbergdalsvatnet eller Styggevatnet), vil det vere ulike møtestader. Når du ringer eller sender oss ein e-post for å bestille denne turen, vil vi fortelje deg kvar vi møtest og kva tid. Vi ser fram til å høyre frå deg!
● Breheimsenteret: sjå kart
● Leirdal bruene: sjå kart
-
Jostedal Hotel
post@jostedalhotel.no eller ring +47 5768 3119Jostedal Camping
post@jostedalcamping.no eller ring +47 9775 6789● Jostedal Hotel/Camping: Sjå kart
-
Du må gi oss beskjed FØR DU BESTILLER dersom du kjem med buss og vil at vi skal vente på deg og køyre deg til vatnet.
Dersom du reiser med offentleg transport (buss), kan vi vente på isbussen, men vi tilrår at du blir verande i Jostedalen etter turen, slik at vi ikkje må skunde oss tilbake for bussen som går frå Jostedalen om ettermiddagen! Dersom du mistar ein bussforbindelse, har vi ikkje ansvar for dette eller vidare transport du treng (vi vil prøve å hjelpe deg, men dette er ikkje vår jobb – turane våre varer ofte lenger enn oppgitt, det er mykje natur å nyte!).